lørdag 21. april 2012

Kveldsturar

Denne veka har me hatt fine kveldar, og då fristar det med ein tur i skogen. Eg har to kveldsturar, den fyrste var søndagskvelden, då eg gjekk opp på Nausen. Då startar eg heime og går rett opp lia, det er ein fin motbakketur.

               På veg ned har ein fin utsikt over Ørstavik og dalen fram mot Kvandalsfjella.



I gårkeld tok eg turen ut til Skorgeelva og så gjekk eg råsa til Sgorgedalen heim att. Då eg kom ned att til Øvrehagen fylgde eg råsa inn til Sætrebakkane. Men den gamle råsa er ikkje råd å fylgje. Vinden i Jula har gjort så stor skade på skogen at det er trist å sjå.

Den gamle fine steinmuren er velta ned og bak ligg store graner rotvelte. Og slik er det heile vegen innover i Hagemarka. Om nokon orkar å rydde opp i dette veit eg ikkje, det er ein ufatteleg stor jobb.

tirsdag 17. april 2012

April morgon.

Det var ein klar fin, men kald morgon i dag Tirsdag. Natta har vore kald, ned mot 4 minus viser målaren, og snøen som kom i går kveld låg endå saman med rimfrosten. Då eg såg ut glaset ved datamaskinen, såg eg ein katt som hadde funne seg ein lun plass i morgonsola. Klokka var berre vel sju, og sola var endå bleik og varma vel ikkje så mykje.


Seinare då eg henta dagens avis, var sola kome høgre over fjella, men det var endå snø og rimfrost på trea og bakken.  

torsdag 12. april 2012

På Lianeset


På min trimmtur i dag stoppa eg på Lianeset, der tok eg av frå vegen og gjekk ned i fjøra. Det er laga ein fin sti der ned. Der fekk eg sjå at orkanen i jula hadde herja stykt med den fine furuskogen som stod der, mange store tre låg rotvelte.

Fjorden låg stille og blank, og det var ei stille ro å stå der å sjå utover. Slik var det ikkje 5. desember i 1944. Då hadde ein liten konvoi med Tyske transport skip ankra opp i fjorden. I totida om ettermiddagen gjekk 22 Britiske fly til åtak på dei. To av dei tyske skipa vart senka, og mange tyske soldatar og sjøfolk varrt såra og derpne. Eit fly vart skote ned og gjkk i fjorden. Ombord i flyet var to Australske soldater som miste liva sine der. Sverre Hagen har fortalt om denne hendinga, artikkelen heiter, Då krigen kom til Ørsta.

Familien til den eine flygaren har medvirka til å få reist ein bauta her på Lianeset, til minne om sonen som omkom her, og kvar 17. mai vert det lagt ned blomster ved steinen.




onsdag 11. april 2012

Dagane etter Påske.


Så er Påska over og kvardagen og dei gjeremål og plikter som høyrer med, er det som atter fyller dagane våre. For meg som pensjonist vert det å bruke dagen til det som faller meg inn kvar dag. No har eg hatt Skaugumane i altankassene, og dei som ikkje fekk plass der, har eg sett i kasser så dei kan plantast i hagen når det vert trygt og varmt ver. Eg har også gått meg tur og sett korleis det spirer etter kvart som snøen atter smelter vekk.

Kvitveisa var snar til å sprette fram og Påskaliljene som var nedtrykte av 40 cm. med snø, har reist seg att og knoppane har sprunge ut.


Og i hagen skjer det fort no, det spirer og gror, og blad og knppar skyt fram.

epletreet

solbær


Det er fint å sjå korleis naturen vaknar til liv etter vinteren.




torsdag 5. april 2012

Påske


Når krossen underfull eg ser,
der livsens hovding måtte døy,
all verdsens vinning armod er,
all stordom kverv som halm og høy.



Frå panna, handi, foten hans
flyt sorg og kjærleik saman ned.
Kvar fletta klunger slik ein krans,
og når vart strid til slik ein fred.


Deg vere ære, Herre over dødens makt.
Evig skal døden vere Kristus underlagt.
Lyset fyller haven, se en engel kom,
åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom.

Se Jesus lever, salige morgen stund.
Mørkets makter bever, trygg er troens grunn.
Jubel ropet runger: Frelseren er her. Pris han, alle tunger,
Kristus Herre er.

tirsdag 3. april 2012

Morgon 3. april


Det er ein fin morgon 3. april, klokka er vel åtte og sola sender sitt morgonlys over nysnøen.
Naboen er i gong med snøfresaren.



mandag 2. april 2012

Starerida?


I formiddag lava snøen ned, og det vart fort over 20cm. med nysnø. Det at snøen kjem att om våren, då alle vonar på at no er me ferdige med den og våren skal kome for fult, er ikkje noko uvanleg. Her på Sunnmøre kaller me desse snøridene for Starerida og Erlerida, for det skal kome to slike snørider før me er trygge på at no kjem våren og varmen. I år vart det tidleg snølaust her nede i lavlande og me trudde at me slapp desse snøriene i år. Staren er kanskje komen, om eg ikkje har sett den endå, men Erla er det no endå lenge til at ho kjem.


I ettermiddag letta snøbyene og sola kom fram, og ute i Skorgeura var det reine Julekortstemninga ved dei gamle kernhusa. Så er det kanskje over med snøbyene for denne gong.