Eg låg i senga i dag tidleg og høyrde kor regnet tromma mot taket og det rann i takrennene, det var nesten så ein ikkje hadde lyst til å stå opp. Me er heldige me pensjonistar, det er ingen som masar på deg om morgone, inga vekkarklokka som bråvekker oss. Men eg kom meg opp og såg korleis skodda og skyene låg lavt i fjella og regnet lagde store damar i veg-grøftene.
Så kan ein glede seg over at sidan me endå er i mars måne, så er det bra at det ikkje er snø som lavar ned, regnet renn heldigvis bort av seg sjølv.
Etter frukosten og morgonkaffien, så er det rutine å hente avisa, og i dag tok eg med fotoapperate og tok nokre bilete. Det vert som regel at ein tek bilder i fineveret, så no vilde eg også sjå korleis grått regnver tok seg ut på bilete.
Det er ikkje lett å få fram den rette stemninga av regnver og vatnent som strømer ned og lagar sjølv dei små bekkar til små fossar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar