lørdag 31. mars 2012

Mars månad


Så er me komne til den siste dagen i mars, og det har vore ein måne med eit vekslande ver. Frå uver med regn og vind, som på dette bilete som eg tok igjenom stoveglaset, til nokre fine dagar med solgløtt.

Det har vore ein mild temperatur det meste av månaden, men mykje regn som har gjort elvane til tider svert store. Her frå Skorgeelva ein regnfull dag. Alt det milde veret og regnet har skunda fram våren, og både i naturen og i hagane har det spira og vårblomane har kome opp.


Men veret skiftar fort og det kom snø og krokusen stod til knes i snø ein morgon.
Men det gjekk fort over til mildver att og helga den 25. var ei varm fin helg.


Dette bilete var teke om ettermiddagen søndag 25.mars. Fjorden låg still og blank og det var ein svert fin kveld. Men dessverre har denne siste veka vore våt og kjølig. Fredag var det meste av nedbøren sludd, og om kvelden i går gjekk det over til snø.

Og i dag står Påskelilljenne med snø på blad og knuppar. Det er vel dei som gler seg over snø til Påske, men eg vonar at sola snart kjem og gjer marka grøn att.

fredag 16. mars 2012

Er det vår alt no.

 
Det har vore myke regn, men denne veka har det vore dagar som det mest ikkje har regna. Og i dag starta dagen med at sola så smått gredde å koma igjennom skydekke. Og då kom temperaturen med ein gong opp i 11 grader. Eg nytta føremiddagen til å gå meg ein tur utover vegen og eg stoppa ikkje før på Lianeset.Fjorden ut mot Raudåya var ekstra blå og små vindrosser laga mønstre i sjøflata. Over meg teikna Nipa seg klart mot himmelen. Det milde veret siste vekene har sett fart på våren, og på Lystad stod ein hage full av Krokus og Snøklokker





Skogen viser no også tydelege teikn til at den er i ferd med å vakne frå vinterdvalen. Både Hassel og Or står  med fine rakklar. Desse bileta tok eg i Skorgeura.
                                                                         
Også Selja står no med små knoppar av gåseungar.

Og i vegkanten stod små Hestehov i blomst.



Inne på Sætre står Jørnhagen i full blomst både med Klostreklokker og Krokus.


fredag 9. mars 2012

Regn og regn

Eg låg i senga i dag tidleg og høyrde kor regnet tromma mot taket og det rann i takrennene, det var nesten så ein ikkje hadde lyst til å stå opp. Me er heldige me pensjonistar, det er ingen som masar på deg om morgone, inga vekkarklokka som bråvekker oss. Men eg kom meg opp og såg korleis skodda og skyene låg lavt i fjella og regnet lagde store damar i veg-grøftene.

Etter frukosten og morgonkaffien, så er det rutine å hente avisa, og i dag tok eg med fotoapperate og tok nokre bilete. Det vert som regel at ein tek bilder i fineveret, så no vilde eg også sjå korleis grått regnver tok seg ut på bilete.
Det er ikkje lett å få fram den rette stemninga av regnver og vatnent som strømer ned og lagar sjølv dei små bekkar til små fossar.

Så kan ein glede seg over at sidan me endå er i mars måne, så er det bra at det ikkje er snø som lavar ned, regnet renn heldigvis bort av seg sjølv.

tirsdag 6. mars 2012

Vårarbeid.

Me har hatt nokre fine dagar no, helga var fin og denne vakas to dagar har vore svert fine. Med det fine veret kom også arbeidslysta, og eg måtte ut og klippe frukt og bærtrea for våren. I dag har eg brukt kverna og mele opp dei nedkappa greinene.

 Hoss naboen står snøklokkene kvite og dannar eit fint teppe på marka. Det er no endå tidleg i mars og endå kan snøen kome tilbake. Men sola er no høgt på himmelen, og den vil nok gjere den vitjinga kort håpar eg.