Det nye året er godt i gong og me skriv i dag den 17. jan. Veret etter årsskifte har vore mildt og fint, men me har ikkje fått sett sola på grunn av skyer og grått ver. Men i dag ser det ut til at me får sjå kor høgt sola har kome over fjella. Då eg henta posten i nitida i dag så måtte eg take nokre bilete av den fine himmelen i aust.
Over fjella i syd skimta eg såvitt ein liten måne på himmelen, den vart bleik i det fine morgonsol lyset. Dette lova godt for at me skulle få sjå sola seinare på dagen. Og klokka elleve gløtte ho fram i skaret mellom Melshornet og Niven, for så å kome att over Niven noko seinare. Men dessverre drog det seg skyer over himmelen, så det vart ikkje lenge ho fekk skine i dag heller.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar