lørdag 19. november 2011

November


November har i år vore ein fin måne med mykje fint ver. Me har hatt mange fine dagar med klar himmel og temperaturer rundt 0 grader. Og her som eg bur har sola lyst opp og gitt sine varme strålar både på kropp og i sinn.
 Desse to bileta tok eg på torsdagen, eg hadde meg ein tur utetter vegen om ettermiddagen. Sola sende sine siste strålar over Hovdeåsen i 15 tida, og me kunne såvitt sjå at skyer var på veg i vest. Fredag vakna me til skodde og regn og i dag på laurdag er det same veret.
Skyene ligg langt ned i fjella og skodda ligg som ei grå kappe i fjellsidene. Temperaturen no på føremiddagen er 9 varmegrader og det er regn i lufta. Ja slik er november her på våre kantar, det skiftar fort i veret, og brått kan snøen kome på vitjing også. Småfuglane her leita etter mat på fuglebrettet i fleire dagar no, og har fått sine Solsikkefrø der.

mandag 14. november 2011

Oktoberrose

I fjor til påske fekk me ei stor fin påtteplante, gul og fin. Då sumaren kom sette me den ut på altanen og der stod den grøn i bladverket, men i oktober kom den med nye fine blomster.
Planta overlevde vinteren i kjellaren og i sommar har den vokse seg stor medan ho har hatt sin plass på altanen. Me tok den inn i kjellaren i slutten av oktober då det var fare for nattefrost. Då skjedde det i år også, den fekk knuppar og det spratt ut gule fine blomster. Eg må seie eg er litt kry av den store fine planta, og no når dagane er så fine, måtte eg sette ho ut i sola.

Eg veit ikkje kva planta heiter, men eg kallar den berre for Oktoberrose sidan det er då ho blomstrar.Eg sette henne også i beddet der det enno står andre plantrer og roser, og den tok seg fint ut der okså..

søndag 6. november 2011

Bilete frå ein Skorgedalstur i november.

Onsdagen i veka som var tok eg meg ein tur opp i dalen, som me seier. Veret var fint og Skorgeura låg der naken og avblomstra. Berre grantrea og Lerken hadde farge i nelene sine.
Mosen og lyngen skapte eit fargerrikt teppe.
Det var stilt å gå i skogen, det var lite fuglesong. Snart var eg ved Leitesteinen, og dalen opna seg framover.


Elva rann stille og roleg .



Det var noko blaut og vått på myra, men det har då regna mykje i haust.
Fjella teikna seg skarpt og mektig mot himmelen


Som så ofte før vart Sætra endemålet for turen, der eg åt nista mi i ly av ein selvegg.

fredag 4. november 2011

Kortur til Ulvesund fyr

Siste helga i oktober var Kyrkjekoret på tur til Ulvesund fyr, ved Måløy, der me hadde øvingshelg. Det er Sølvi Hopland som driv kafe og pensjonat i den gamle fyrvokter bustaden, som ho i 2004 fekk leige av staten og sette i stand til eit seregent og koseleg pensjonat.
Me kom dit på fredagskvelden i kuling og regnver, men på laurdagen letta regnet opp og me nytta lunchpausen til å gå tur.

Det meste av tida var songøving, men me fekk også stunder der me kosa oss i stova. Og laurdagskvelden var det program med konkuransar og forfriskning. Sølvi Hopland er ei flink sangerinne og har gitt ut fleire CDar, og ho sang for oss og fortalde frå arbeidet sitt på fyret.
 For å spe på inntekta av kafeen, selde ho mange fine ting og handarbeid. Der stod også gotterier på disken som frista.
Me hadde ei fin helg der på fyret.