fredag 30. september 2011

St. Olavs Hospital.

Denne veka fekk eg meg ein tur til Trondheim for å sjekke hjertet, det var misstanke om tette årar. St. Olavs Hospital er ikkje berre eit sjukehus, det er ein bydel med mange sjukehusavdelingar for dei meste slags lidingar og sjukdommar. Med breide gater og rundkjøringar i mellom. Det var her på hjerte og lunge senteret eg skulle møte opp for undersøkelse. Me var mange som møtte opp der samtidig og det vart mykje ventetid utover dagen.
Neste dag vart me innlagde i 4. etasje for å få granska hjerte sine mange blodårar. Eg fekk vite at mitt hjerte fungerte som det skulle og dei fann ingen tette årar. Det var ei gledeleg opplysning.

St. Olavs er under stadig forandring, og det vert byggt nye avdelingar heile tida. Der som det tidlegare låg ei høg mursteinsbygning, som blant anna hjertepassientane vart undersøkte, var no ein stor byggeplass med stor aktivitet.
Der er breide gater og fint tillaga med beplanting og parkanlegg mellom dei store husa.
Onsdagen fekk eg tid til å vandre rundt å sjå meg om, og eg fekk sjå at på den gamle delen av det store sjukehusområde var det eit meir koseleg preg.





Ingen kommentarer: