fredag 30. september 2011

St. Olavs Hospital.

Denne veka fekk eg meg ein tur til Trondheim for å sjekke hjertet, det var misstanke om tette årar. St. Olavs Hospital er ikkje berre eit sjukehus, det er ein bydel med mange sjukehusavdelingar for dei meste slags lidingar og sjukdommar. Med breide gater og rundkjøringar i mellom. Det var her på hjerte og lunge senteret eg skulle møte opp for undersøkelse. Me var mange som møtte opp der samtidig og det vart mykje ventetid utover dagen.
Neste dag vart me innlagde i 4. etasje for å få granska hjerte sine mange blodårar. Eg fekk vite at mitt hjerte fungerte som det skulle og dei fann ingen tette årar. Det var ei gledeleg opplysning.

St. Olavs er under stadig forandring, og det vert byggt nye avdelingar heile tida. Der som det tidlegare låg ei høg mursteinsbygning, som blant anna hjertepassientane vart undersøkte, var no ein stor byggeplass med stor aktivitet.
Der er breide gater og fint tillaga med beplanting og parkanlegg mellom dei store husa.
Onsdagen fekk eg tid til å vandre rundt å sjå meg om, og eg fekk sjå at på den gamle delen av det store sjukehusområde var det eit meir koseleg preg.





tirsdag 20. september 2011

Glimt frå Vesterålen


I Bø kommune, på ein fjellknaus i Vinjesjøen, står det ein skulptur i støypejern. Det er Bø sin del av Kulturlandskap Nordland. Skulpturen er kalt Mannen frå havet, og er laga av kunstneren Kjell Erik Killi Olsen frå Trondheim. 
Den 430 cm. høge mannen har no forlete havet og gått på land. I hendene har han ein krystall som er ei offergåve til sin tidlegare bostad, og i ryggen har han ei nisje for familien, symbolisert ved ei kvinne.


Mannen står og ser utover havet i takksemd for all den rikdom som folk i alle tider har henta derifrå.
Bilda som eg har brukt i dette innlegget er henta frå internettet.

søndag 18. september 2011

Kveldsol


                                Dagen i går fekk også ei fin avsluttning, med ein vakker solnedgong.


lørdag 17. september 2011

Smak av haust.

Det er rart kor ein gler seg over ein fin dag, når det er så mange gråversdagar. Denne laurdagen 17. september er ein sån fin haustdag. I natt var det klarver og måneskin og temperaturen seig nok under 0 mange stader. Eg nytta formiddagen til å gå i fjøra og sjå til naustet, for å gjere det klart for vinteren.

Sjøen låg blank og fin og fargane var klare som dei er om hausten.

Det ver noko vemodig med dei første haustdagane, på altanan står blomane fine og summe har berre såvitt sprotte ut i blomst.



Men skogen har alt fått haustfargar og bur seg på vinteren.









tirsdag 13. september 2011

Ein morgon i september

Det var ein fin morgon i dag. Fjorden låg speilblank og morgondisen danna striper i fjellsidene.
Så då eg var og henta avisa, måtte eg og hente fotoapperatet og take nokre bilete.



lørdag 10. september 2011

Stigedalen

Når ein køyrer frå Nordfjord mot Volda på E39 så går vegen gjennom eit dalføre, Stigedalen. Som oftast hastar ein for å nå ei ferge, ein ligg i bilkø og ser mest berre baklysa på bilen framom. Men Stigedalen er lev verdt å legge merke til. Den tronge, ville dalen har stupbratte fjellsider på den eine sida og meir skogkledde lier på den andere. Storevatnet ligg på vegens høgaste pungt med Stigedalshytta og Storesætra liggande ved vatnet.  



Det er eit mykje brukt turområde både sommar og vinter, og her ligg også ei skytebane like attmed vegen.


Eg var her ein morgon i september og sola stod lavt over fjella og kasta lange skuggar over vatnen.


Ned gjennom dalen ligg to vatn til, og like før grensa til Volda og Sunnmøre ligg Alflovatnet. Der er dalen trong og sola nådde ikkje ned i dalbotnen.

Det er ikkje så mange åra sidan vegen vart utbetra, før var det ein smal og svingat veg gjennom dalen


 Lenger nede i dalen ligg Stigedalsvatnet.

Dalen munnar ut i Bjørkedalen, Ei naturperla ved Bjørkedalsvatnet. Bjørkedalen er vide kjent for sine båtbyggartradisjonar, her har vore bygt trebåtar mest sida vikingtida.


Fjellet Kjeipen som reiser seg ved vatnet er 944 meter høg. Og på andre sida av vegen beita sauer fredeleg i morgonsola.


torsdag 8. september 2011

Glimt frå Vesterålen

Når ein køyrer frå Sortland og til Bø så møter du ei fjellrekke med ville og opprevne tindar. Midt i denne fjellrekka er det eit fjell som utmerkar seg. Det er fjellet med det underlege namnet Reka. Det kneiser mot himmelen med ein naken, nesten loddrett fjellvegg, som bladet på ei spade, kanskje det er derfor namnet er Reka. Det er ikkje noko høgt fjell med sine 607 meter over havet. Det var to engelskmenn som først klatra til toppen i 1902.

Seinare på turen ser ein fjellet frå sida, og då ser ein kor smalt det er. Det er like steilt på baksida som i fronten. Det siste bilde har eg lånt frå internettet og det viser toppen og utsikte derifrå.

fredag 2. september 2011

Innhausting

 Eg har ikkje stor hage med mange frukttre, men dei to plometrea eg har står no klare for å verte hausta. 
Så i dag var eg ut og fylte opp eg bytte med plomer, som det skal verte godt syltetøy av.



Epla treng no å få henge nokre veker til før dei vert hausta og koka god eplemost av.


Desse epla heng i naboens hage, og eg vart frista til å take bilete av dei.