Denne veka har vore grå og våt når det gjeld veret. Og dagen i dag er ikkje noko undatak,
skodda ligg ned i fjella og det regnar. Det nye året har vore ei utfodring med mykje glatt, og ofte våt is, så det å ferdast på vegane har vore både spennande og farleg.
Det å kome seg ned ifrå huset til vegen, både med bil og til fots, har vore ein risikosport. Det har heldigvis gått bra til no, og så får me leve i vona om at det vert vår også i år. Livet går no sin gong, Kyrkjkoret har sine øvingar, me har fått ny derrigent ifrå nyttår, ei ung frisk dame, så det vert spennande å sjå kva ho kan tilføre koret. Søndagsskulen har sitt fyrste møte no på søndagen som kjem, og det er altid ei spenning om borna kjem som dei gjorde før jul.
i greinene. Me kan vere med å så, men Gud gir vokster.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar