fredag 21. januar 2011

Ein grå vinterdag

Denne veka har vore grå og våt når det gjeld veret. Og dagen i dag er ikkje noko undatak,
skodda ligg ned i fjella og det regnar. Det nye året har vore ei utfodring med mykje glatt, og ofte våt is, så det å ferdast på vegane har vore både spennande og farleg. 

 Det å kome seg ned ifrå huset til vegen, både med bil og til fots, har vore ein risikosport. Det har heldigvis gått bra til no, og så får me leve i vona om at det vert vår også i år. Livet går  no sin gong, Kyrkjkoret har sine øvingar, me har fått ny derrigent ifrå nyttår, ei ung frisk dame, så det vert spennande å sjå kva ho kan tilføre koret. Søndagsskulen har sitt fyrste møte no på søndagen som kjem, og det er altid ei spenning om borna kjem som dei gjorde før jul.


Så får me leve i trua på at dette treet får nye knoppar og blad og att nytt liv vil springe fram 
i greinene. Me kan vere med å så, men Gud gir vokster.

søndag 9. januar 2011

Vismennene


På Heilage tre kongars dag brukar Kyrkja vår og ha ei familiegudseneste som er noko spesiell. I år vart denne Gudstenesta ei veke forsenka og me feira kongane no denne søndagen. Dei tre kongane, eller vismennene, kom på besøk i Kyrkja og tok oss med på ei vandring for å leite etter Jesusbarnet.

 Vismennene førde oss på ei ferd ut og leia oss fram til Betlehems-markane der me fann gjetarane som kunne fortelje om sine opplevelser på julekvelden.


Dei fortalde om Engelen som hadde kome og fortalt  om Barnet, og om Stallen der dei hadde funne Jesusbarnet, Maria og Josef. Så gjekk dei føre oss og viste vegen til stallen der dei budde. Me fann den vesle familien ved ei stor gran, der dei hadde sett seg ned.

Og her fekk Vismennene gitt sine gåver som dei hadde med.


Kyrkjekoret var med og leia oss i songen og Prest Matias var forteljar. Det heile vart ei fin Gudsteneste både for borna og oss vaksne.

lørdag 1. januar 2011

Godt Nyttår.

Nyttårshelga kom med mildver og regn. Vind var det også, men ikkje så sterk som vermeldinga fortalde at det skulle verte. Dette bilde teke i ellevetida i dag og viser veret som det nye året starta med. Regnet gjorde at vegane vart omgjorde til skeisebaner, og ein måtte gå med isbrodder for ikkje å resikere fall.


Me var alle samla i Mostuna 1 i går kveld, og me kosa oss der siste timane i det gamle året og eit stykke inn i det nye. Trass det noko dårlege veret, var det mange som fyrte av raketter ved midnatt. Eg vil ynskje alle eit godt nytt år.