tirsdag 30. november 2010

Dei gamle Kvernhusa

Ute i Skorgeura ved elva der står det no tre gamle kvernhus. Tidlegare var der fleire, men no er det desse tre som står att. Dei vart ein gong på 70 talet sette i stand av komunen og Statens Kornforetning for att dei skulle verte eit minne om då dei var i bruk. Det var bøndene på Sætre, Hagen, Lystad og Sørheim som eigde desse husa og dei var i bruk fram til etter krigen.

Under krigen så vart dørene til husa blomberte av Tyskerane fordi dei ikkje skulle verte brukte, dei ville ha kornet sjølve. Men min far fortalde at bøndene fekk til å bryte seglet og  så bruke kverna om natta, for så å sette sglet på att. Fordi det på skulen var stasjonerte soldatar, og den gamle bygdevegen gjkk like forbi skulen, måtte dei ro kornsekkane om natta ut til elva for å ikkje verte oppdaga.

Eg var ein tur ut til Skorgeelva no ein dag i denne veka. Det har vore ei lang periode med kaldt fint ver og elva er heilt tilfrosa. Kvernhusa står der nedfrosne og på rennene heng det is som lagar reine kunstverk.


No er dei gamle husa mest brukte til fotomotiv, men ei tid var dei nyttige i bruk for å få mjøl og mat til den daglege føde. Også no i den kalde årstida viste fotspora i snøen ved husa at der er mange som ser til dei. Så får me vone at dei framleis vert tekne vare på, så fleire generasjonar får sjå dei.

søndag 21. november 2010

Søndagsskulefrukost

I dag, 21.november, hadde me søndagsskule på bedehuset. Me har søndagsskule annankvar søndag i haust og vår månadane og julefest 3. juledag. Dei siste åra har me fått hjelp av kfuk-kfum foreininga her å lage til søndagsskule frukostar to gongar haust og vår. Det har vorte ein populer aktivitet og både borna, foreldre og besteforeldre møter opp. I dag var ein slik frukost, og den tar til 1015 om føremiddagen. Det vert dekka eit bord med brød, hjerne heimelaga, og godt pålegg, som kvar og ein får forsyne seg av. Og matlysta er altid god ser det ut til. Klokka elleve er det søndagsskule for borna, og det vaksne høyrer på. I dag var temaet frå bergprika om Jesus sin formaning om å bygge sitt livs hus  på fjellgrun. Og det vart brukt flanellograf til hjelp under fortellinga. Me syng altid mange friske songar og me tenne lys medan me ber for samlinga og for kvarandre.  

Me syng, Om eg er liten eller stor.


Dei eldste spelte Fiskespelet medan dei yngste fekk fargelegge teikningar til aktivitet. I haust har me hatt ein fin auke i antal born som kjem på søndagsskulen og det er me glade for.


tirsdag 16. november 2010

Ein måndag i november

Måndagen den 15 november var ein dag med overskya ver og 2 varmegrader i lufta. Ute er det eit tynt lag med våt snø som under trea er dekt med lauv, som i år hang lenge på greinene og har tålt både snø og kulde. Småfuglane er ivrige på fuglebretet og fosyner seg med Solsikkefrø. No er det mest meiser av alle slag, kjøttmeis, blåmeis, granmeis, ja eg veit ikkje alle namna på dei. Så er det spurv og grønfink, ein og annan raudstrupe og dommpapp. I år har også skjora vore og ville vere med. Denne formiddagen har Jorun laga seg til for å bake lefser, og eg må hjelpe til med steikinga. Det gjekk fort unna og vel ellev var deigen brukt opp, og ein liten stabel med lefser var baka og steikte.


Det har vorte ein liten tradisjon at måndagane klokka 12 samlast ein gjeng pensjonistvener på kafe og drikk kaffi ilag. Det er på kafe Fru Svndsen i den gamle Svendsengarden i Ørsta. Denne måndagen sat me i salongen rundt det runde bordet der, og ein time gjekk fort i godt lag. Det kan variere kor monge i er på desse kafesundene etter kven som har høve til å kome. Men me får lov å sette saman bord og ordne til etter kor monge me er, på det meste oppi 14 stykker, på denne poppulert kalla kyrkjekaffien.  Vel heime att vart det baka meir, det vart flattbrød denne gongen. Og så vart lefsenesmurde og lagde i frysaren.

tirsdag 9. november 2010

Ein novemberdag.

 På ny har vinteren lagt si kvite kappe utover og temperaturen har gått frå pluss til minus på gradestokken. Men i dag er himmelen klar og sola skin og får temperaturen mange hakk opp. Eg tok meg ein trimtur ut etter vegen for både å få rørt meg litt, også å nyte den fine dagen. Eg hadde med meg fotoapperatet og ute i Hagen tok eg dette bilete av bygda.

Dei raude bæra skapte ein fin kontrast i snøen her på murkanten langs vegen.


Hagekammen kneisa kvit og fin mot den blå novemberhimmelen

tirsdag 2. november 2010

Fine haustfargar

 Måndag ettermiddag skein sola atter ifrå ein mest skyfri himmel. Den fyrste smaken av kvit vinter har regna bort, og mildare ver har teke over for ei tid. Som sagt så var måndag ettermiddag svert fin og Jorun fekk meg med på ein tur utetter vegen. Sola er lav no og tida ho skin har minka mykje. Men fargane ho får fram i naturen er eit fint syn og eg måtte berre prøve å få nokre bilete. Desverre er der mange lyktestolpar og strengar og kablar som skjemmer, men dei høyrer no også med i bilete.