tirsdag 26. oktober 2010

Vinterdagar i oktober.

Denne vitjinga av kong vinter no i oktober ,varte lenger enn venta. Og frukttrea som endå ikkje har fått kvitta seg med dei grøne blada sine, fekk ei tung bør. Eg måtte ut å riste av den våte tunge snøen så ikkje greinene skulle knekke.

                                           Også syrentrea vart overaske av tung snø.


Denne  helga har me hatt vitjing av to barnebarn, dei har i motsettning til meg gleda seg over snøen. Laurdagen var me ute og laga snømann, med nase av gullerot og frakken fekk knappar av småstein.
                           


onsdag 20. oktober 2010

Frå haust til vinter

Ein liten rast, med utsikt mot Førde
No er det ei stund sidan eg skreiv i bloggen, men no er eg på att. Det har vore ein haust med både fine dagar og regnfulle dagar. Tidleg i oktober var me i Førde og feira gebursdagagane til Borghild og Astrid. Då var eg saman med born og borneborn på tur til Eikåsnipa. Det var ein passeleg lang tur for ein litt utrena gamal kropp. Veret denne formiddagen var bra, men vinden tok godt då me kom oppom tregrensa.


Frå toppen hadde me fin utsikt mot Jølster
Oktober er ein måne der naturen går frå summar til haust og stundom kjem vinteren mot slutten når me nermar oss november.

Fargane går over frå frodigt grønt til meir brune og raude.

Sjølv om hausten er fin med sitt fine fargespel i naturen, så er det noko vemodigt ved han. Det går mot kaldare og mørkare tider. Og i år kom snøen tidleg, allereie i dag den 20. okt. vakna me til kvite markar.


Hageplantene streva med å stå oppreiste.


og fucsian syntest sikkert at det var litt for kaldt.

Det er kanskje alderen, men eg må tilstå at eg ikkje lenger gler meg over snøen og alt den fører med seg, som snømåking, vinterføre på vegane og isskraping. Men me får take imot han i år også og gle oss over at me har varme hus å vere i, og så nyte dei fine dagane som også høyrer vinteren til.