onsdag 25. august 2010

Kyrkjer i Bø 2


Bø kyrkje står på garden Bø på vegen mot Steine. Dette er ein gamal kyrkjestad og Bø kommune skriv om denne kyrkja at den vart innvigd i 1824. Det er ei korskyrkje og den har 370 sitjeplassar. Men  denne kyrkja er den 6. som står på denne staden. Den fyrste kyrkja var truleg bygd i 1340og er nemnd i gamle skrifter frå 1381. Kyrkja ligg i eit ope landskap med utsikt mot havet, og med fjella på Hadseløya og Lofoten i bakgrunnen. Der er i dag lite bebyggelse på garden Bø, men kommunen skriv at det i gamal tid var eit aktivt fiskevær her med stor aktivitet under fiskeria.

Dette bilde tok eg i slutten av 1970åra.


Jorun var døypt og konfirmert i denne kyrkja.




søndag 15. august 2010

Kyrkjer i Bø



Det er to kyrkjer i Bø kommune, det er Bø kyrkje og Malnes kyrkje, bilete her viser Malnes Kyrkje. Kyrkja ligg på Eidet. den ligg fint til på ei høgde ved vegen gjennom bygda. Kyrka som no står her er bygd i 1895 og den har 320 sitjeplassar. Den første Malnes kyrkje stod på Malnes i Hovden og er først nemnt i eit dokoment frå 1529. Kyrkja der vart reven i 1829 og flytta til Eidet der den no står.



Altartavlen vart gitt i gåve til kyrkja i 1953 og motivet er henta frå Matt. 14,22 - 33. og er malt E. Løvholt.




Den gamle altartavlen som er frå 1783 og viser den korsfeste Kristus med Moses og Aron på kvar sin side, vart restaurert 1970 og opphengt i kyrkjeskipet.


Talarstolen


Dette bilde er henta frå vol.no
 

Eg har vore mange gongar i denne kyrkja både i sorg og i glede, gravferd og bryllaup, men også i søndagsgudstenester, og har vorte glad i dette Gudshuset.

Utsikt frå kyrkjbakken

fredag 6. august 2010

Ferie i Vsterålen

Også i år gjekk ferien til Vestheim i Bø , Jorun sin heime plass . På vegen nordover stoppa me i Bodø og vitja slekt der . Me budde der med vår svigerinne Kirsten , som tok godt imot oss . Sidan det skulle vere bryllaup i familien, så vart det mange av slekta som var samla i Bø kring helga 24 juli . Denne helga vart det fult på Vestheim , og Jorun og eg var så heldige å få låne huset der Jorun sine besteforeldre på morsida budde . Huset er no sett i god stand og me hadde det fint der .

Huset ligg fint til ved fjorden . Jorun budde nokre av sine barndomsår her, så det var litt spesielt for henne å bu her. Dei andre borna våre med familie hadde leigt seg hus i Husvågen og Straumsjøen . Gry og Eirik som har bubil hadde den ved Vestheim .
Veret denne Sommaren var skiftande ,  Det var våte og kalde dagar , men også  fine dager og netter . Serleg er det dei lyse netterne i det spsielle sollyset som gjer inntrykk på oss søringane .

Midnattsol ved Mjåsundet


Utsikt mot Nykkvågen


Hamna i Hovden



Trolsk stemning på Eidet

Jørnfjorden ein fin dag . Hadsel Øya lengst ute .

På heimvegen var meg oppom Sulitjelma og besøkte Gunn og Olav på hytta der . Den ligg i skogen opp mot Jakobsbakken . Husa ved gruva på Jakobsbakken er no leirstad for misjonsambandet .


Olav ved hytta

Nokre av husa på Jakobsbakken i Sulitjelma .