fredag 25. mai 2012

Ein kveldstur etter vegen.

Det har vore tre fine dagar, veret har vist seg frå sin beste side, og i dag viste gradestokken 27 grader, og det har vore mest vindstille. Eg brukar ofte å gå meg ein kveldstur utover vegen, og i kveld fekk eg trong for ein tur. Ei hestemor med følet sitt gjekk og beita fredeleg i grønt frodigt gras, og eit gamalt epletred, som vinden i vinter har fere stykt med, stod i full blomst.

På Grand Canaria brukar dei å skryte av kor fint det er når Mandeltrea blomstrar, og det med rette, men det er ei fin tid her også når fruktrea står i blomst, og heggen står full av kvite blomar.


Ute i Skorgeurda stod markjordbærea også med kvite blomar i vegskråninga, skal tru det vert mykje skogsbær i år.


Det er mange fine motiv som dukkar opp, og sjølv om ein har gått turen monge gongar før, så finn ein noko å glede seg over kvar gong.




tirsdag 22. mai 2012

Endeleg kom varmen

Hei, ja no er det ei god stund sidan eg var inne på bloggen, men i dag skal eg prøve på nytt. Det har vore ein svert fin dag, og endeleg kom det varmt fint ver også her. Tullipanane har stått i knopp lenge, men dei har liksom ikkje herest i opne seg i nordavinden. I dag stod dei i full blomst, det er eit fint skue.

Både i Leitebakken og lenger fram i Skorgedalen stod Kvitveisen endå kvit og fin og lyste opp i skogbotnen.

Elva frå Skorgedalen var stor i dag, det er endå mykje snø i fjella som smeltar i varmen.


Lenger fram i dalen har skogen så smått fått grønfargen, men får me varme nokre dagar til så kjem det fort også her. Eg var mest åleine i dalen i dag, trefte to av naboane som var på veg heim, men eg hadde ein fin tur.

tirsdag 1. mai 2012

Skorgedalstur

I ettermiddag gjekk eg meg ein tur i Skorgedalen, det var den førete turen i år. Eg er nok ikkje i så god form etter vinteren, for det var tungt å kome seg opp på Letet. Fram gjennom dalen låg det snø, så det vart våttt å gå, Derfor gjekk eg ikkje så langt fram.


Der var mange som hadde lagt turen til dalen i dag, og eg trefte mange både kjente og ukjente på turen.