tirsdag 28. februar 2012

Det er krefter i naturen.

Dei siste dagane har avisene fortalt oss om store snøfonner som har sperra vegar og isolert grender i fylke vårt, og her i vår bygd har også det milde veret gjort at store snømasser har losna høgt oppe i fjella og det har gått store fonner. Heldigvis har ikkje folk og hus vorte ramma av desse fonnene.
Desse bileta har eg teke ut av avisa, og dei er frå Sæbø, der Skondalsfonna gjekk før helga. Den var svert stor denne gongen, og var 200meter breid og opptil 6 meter høg nede på dyrkamarka. Det er 30 år sidan den har gått så stor, skriver avisa.
Eg har siste veka gått og tenkt på at eg skulla vore opp på Nausen, ein passeleg trimtur opp i skogen her heimanfrå. Etter å ha hørt frå andre som har vore der, så har vinden som var i jula herja stykt med skogen der oppe. Så i dag tok eg turen oppgjennom lia.

Det var eit trist syn å sjå korleis orkanen Dagmar hadde herja med den fine granskogen som har sått der sidan tidleg i femtiåra. Det hende det same i 92, men no er treda 20 år eldre og større. Eg vil visa nokre bilete eg tok i dag.







Det vert mykje arbeid å rydde opp, om nokon ser seg syn med det. Eg fekk meg ein fin trimtur i dag også. 

torsdag 23. februar 2012

Vårtegn


Kalenderen viser 23. februar, og all fonuft tilseier at det endå er minst ein måne att til våren. Men etter fleire dager med temperaturer frå 5 til 7 grader og der er berre flekkar att av snøen, og når snøklokkene blomstrar i gamalt vissent gras, Då kjem det ein vårlengt i meg.


Tirsdag i denne veka gjekk eg ut på Lianeset, og på Lystad stod snøklokkene fine i skråningane oppom vegen. I dag såg eg etter i vår hage og fann dei i blomst her også. Så eg er vel som Lerka i songen til Sivle.

mandag 20. februar 2012

Spor etter Dagmar

Juleorkanen Dagmar sette varige spor etter seg. Den store løa i Jørngaren, som har stede der i over hundre år og var den siste av dei gamle løene frå min barndoms Sætre, måtte gi tapt for vindens krefter og vart blesen av murane.

No er treverket fjerna og berre murane står att. Bilete vart med eit heilt forandra, og der me før såg ei raud løe, ser ein no hus som før var skjulte bakanfor.

Snart kjem vel gravemaskiner og fjernar murane også og jamnar til tomta,og der kjem vel også eit nytt uthus. Men bilete er for altid forandra og berre minne hugsar korleis det var før orkanen Dagmar herja i jula 2011.

fredag 10. februar 2012

tur til Grand Canaria

Også i år har me vore to veker i varmen no i månadskifte jannuar, februar. Me kom heim for ei veke sidan, så me har no vent oss til temperaturen heime. Me budde i Puerto Rico, og her er eit bilete frå hotellet me budde på der,

Me var også i år på Markedet i Arguineguin og me var på Sjømannskirka, bilete, og kjøpte oss kaffi og vafler.


Der var fleire av venene våre som var der på same tid, og her var seks av oss på båttur til byen Puerto Mogan.

Puerto Mogan er ein koseleg liten by med fine blomster i gatene og på husa.

Tre damer som ventar på maten på ein koseleg resturant i Puerto Mogan.

Her er me på vitjing med Harald og Bodil, dei budde nærare Arguineguin.

Solnedgong i Puerto Rico.