tirsdag 26. april 2011

På tur

Vårt yngste barnebarn (5 år)er ein ivrig turgåar, og i Påska fekk han meg med på tur til Kyrkjesteinen. Han hadde vore der dagen før saman med faren, og no ville han vise meg kor fint der var. 

Då me gjekk forbi skuen fann han ved ei av trappene der, ein brusk med blomster. Og han kunn fortelje meg att det var Hestehov som stod der og blomstra så fint innmed betongen. 

Stien opp gjennom ura gjekk fort unnda og snart var me ved den store steinen. Der viste han meg stolt rundt, og me måtte take runda rundt heile steinen, sjølv om der er ulendt og han mange stader måtte ha hjelp for å kome fram.

 På turen ned att gav me oss tid til å sjå på korleis det spira og vaks mellom steinane i ura. Dette var ein av første dagane i Påska så våren var ikkje så langt komen alle stader. 

Men bjørka var no åt å verte grøn og både Or og Hegg hadde små grøne blad.


Inne i Hagen, ved løa til Matias, stod bjørka vårgrøn og fin og heime i hagen fann me både påskelilljer og kvitveis.

Det vert nok ikkje den siste turen me har ilag me to denne våren.