fredag 25. februar 2011

Så kom mildveret

På onsdag denne vaka var eg på ny tur til Åmskaret, det var klar himmel, litt trekk frå aust, og kuldegrader. Temperaturen heime var denne morgonen 10 kuldegrader. Men dette var den siste kalde dagen denne vaka, for på torsdags morgon var det 6 varmegrader. Og i dag fredag, var det 9 varmegrader før sola kom fram.

Dette bilde tok eg på altanen vår like før sola kom fram i halv nitida. Det er no for tidleg å tru på våren endå, så me får vel mange kalde dagar endå før den kjem. Men den plagsomme isen på vegane, har i natt minka mykje og kanskje fer den heilt bort før kulda kjem att.

Varme godversskyer over Helgehornet i morgontimane

lørdag 19. februar 2011

Ein ny fin skidag.

På ny vart eg boden med på skitur, og denne gongen til dei svert fine løypene på Bondalseidet. Dagen var fin, sola skein frå skyfri himmel, og skiføret var heilt topp. Løypene låg der breie som gater, og var slette og fine.
Ein rast med varm drikke og mat må til.

Med godt humør og gode ski gjekk det fort unna.


Det er mange løyper å velge mellom, denne går til høgfjellet.


Her går det mot Åmskaret.


mandag 14. februar 2011

Ein fin skisøndag.

Søndag den 13. morsdagen,vart ein svert fin dag, med sol og mest klar himmel. Eg vart med to av barnebarna og foreldra deira på ski ovanfor husa. Føret var heilt strålande, med eit tynt lag puddersnø opp på skaren. 

Dei to yngste var ivrige og flinke,
og gjekk fleire runder i løypa som dei hadde laga seg. Nabofamilien var også ute , og dei hadde med sine to hundar og slede som borna deira fekk sitte i.





Me hadde det kjekt denne ettermiddagen. 


fredag 11. februar 2011

Endeleg slapp sola til.

Då eg såg ut i dag tidleg var det klar blå himmel og kuldegradene hadde krope nedover mot 6 talet. Endeleg skulle me få sjå sol frå klar himmel, etter mange dagar og veker med overskya ver. Då eg var etter posten vel klokka ni, så låg Nivane bada i morgonsol. Ikkje lenge etter dukka sola opp framme i Kvandalsfjella, og sende sine fine strålar utover bygda.

Sola kikkar fram.


Liaveten i morgonsol

tirsdag 8. februar 2011

Grand Canaria

Me er no komne heim frå ein to vekers tur til Grand Canaria, der me budde i byen Puerto Rico. Jorun og eg reiste saman med Si - Reiser, og me var 42 deltakarar som var i lag og me budde i hotellet Portonovo. Si - Reiser er eit kristent reiseselskap og me hadde eigen reiseleiar, som var Jostein Mulelid, og bibeltimehaldar var Anbjørg Barene.

Anbjørg held bibeltime.

Der var også mange av vår venekrets her i Ørsta som var i Puerto Rico på same tid og me treftes ofte både på standa og me var saman på resturang. 

 
Her har me kjøpt oss kaffi i lokala til Den Skandinaviske turistkyrkja som ligg i butikksenteret i Puerto Rico.
Og her ovanfor badestranda i byen.

Olav og Rutt hadde fin terasse og me var og besøkte dei på deira hotel.

Jorun og eg var på ein busstur innover øya, og me fekk sjå mykje vekslande og fin natur. Me var innom både kyrkje, markeder og bananplantasjer. Dette bilde er teke frå ein resturang i San Bartolome.


Bananplanter

Siste dagen besøkte me Magne og Astri som budde i byen Puerto Mogan. Dei var var då nettopp komne og sarta på sine 14 dagars ferie der. Me ser tilbake på ein fin ferie i varme og sol, det var vår 5. tur og det vert vel fleire får me håpe.