mandag 5. juli 2010

Nakkane



 

Eg var åleine heime og kona var på Gjenbruksbutikken i Volda. Veret var fint, som det sjeldan har vore denne sumaren, fekk eg lyst til ein tur opp på fjellet. Eg tok trimråsa mi rett opp frå huset, og denne gongen stoppa eg ikkje ved bjørka men forsette vidare opp mot Nakkane. Det er bratt og tungt for ein gammal kropp å kome seg opp, for råsa går mest rett opp. Nakkane ligg på mellom 700 og 800 hundre meter over havet og utsikta derfrå er fin. Det er enda eit stykke att før toppen som er på vel 900 meter over havet.



Ein ser Hovdevatnet, vidare Voldafjorden og Fjella mot Nordfjord .




Mot sørvest opnar Rovdefjorden seg og fjella i Vanylven, - lengst ute ligg Stad.